tirsdag 28. august 2018


ACER og dei tause menn i Arbeiderpartiet










I dette fleirtalet var og storingsgruppa til Ap trass i at hundre og tjue Ap ordførarar og store delar av fagrørsla var sterkt imot denne suverenitetsavståinga.



Det norske arvesølvet, grunnlaget for å byggja og utvikla landet for ein rimeleg kostnad skulle forbli under full kontroll av norske styresmakter.

Jonas Gahr Støre og Espen Barth Eide overkøyrde arrogant alle protestane frå grasrota i partiet og i fagrørsla.

Framføre avrøystinga hadde desse to Ap representantane frå eliteskiktet i partiet lagt fram åtte punktar  som regjeringa og EU måtte godta  før Ap kunne røysta ja til suverenitetsavståina av arvesølvet vårt.

Mange skjøna at dette utspelet var noko lureri i god Ap tradisjon. Gro Harlem Brundtland gjorde det same då ho lurte Stortinget til å røysta ja til EØS-avtalen.

For den såkalla eliten i Ap synest det å vera mykje viktigare å overføra norsk suverenitet, sjølvråderett til EU, enn det er å ta omsyn til Noreg og norske interesser og til og med grunnfjellet i eige parti.

No har utanriksminister Ine Marie Eriksen Søreide stadfesta at punktane frå Ap for å sei ja til suverenitetsoverføringa til EU ikkje er juridisk bindande.

Å sprenge partiet, slik Jonas Gahr Støre og Espen Barth Eide gjorde det, er sterkt urovekkjande. EU-tilhøyrigheit synest vera overordna alt anna for desse Ap representantane.

No har utanriksminister Ine Marie Eriksen Søreide stadfesta at punktane frå Ap for å sei ja til suverenitetsoverføringa til EU ikkje er juridisk bindande.

Etter at dette vart gjort kjend på tv og radio, har Jonas Gahr Støre og Espen Barth Eide vore tause. Dette er ei skam.

Dei ga ein lovnad til til det norske folk, til eigne partimedlemmer,  Ap ordførarar og fagrørsla om at Ap ville oppheve tilslutninga si til suverenitetsavståinga til ACER dersom krava deira ikkje vart imøtekomne.

Jonas Gahr Støre, Espen Barth Eide med resten av stortingsgruppa frå Ap – det er mange i dette landet som no ventar at de skal komentera endeliktet til Ap-krava og at de skal starte reverseringsprosessen med å trekkje doke frå ja standpunktet  i samband med overføringa av norsk sjølvråderett til ACER.

Marsjordren frå de norskefolk, arbeidsgivaren dykkar er; start denne prosessen straks.